top of page

Ei lysande framtid i Vang

Vang i Valdres er ei bygd der moglegheitene er like store som fjella rundt oss. Her kan du ta steget ut i arbeidslivet med solide fagmiljø, gode læremeistrar og eit samfunn som satsar på framtida.

Som lærling i Vang blir du ein del av eit sterkt fellesskap, med spennande utfordringar og tett oppfølging. Her finst det rom for både utvikling og trivsel – i eit landskap som inspirerer, og med bedrifter som vil sjå deg lykkast.

Framtida di byrjar her!

Høyr frå dei som veit

Sjå og høyr nokre av Vangs flottaste og trivelegaste bedrifter fortelje kvifor akkurat deira bedrift er ein fantastisk stad å vere ein del av.

Høre Barnehage
Vang Energiverk
Vang Auto
Vang Bygg
Vangsheimen
Vang Auto – bilmekaniker
Ryfoss betong
Mjøsvang Kafe

KVIFOR BLI LÆRLING I VANG?

Det er jo både
stjerneklart og soleklart!

Å vere lærling i Vang er ei heilt spesiell oppleving, der naturen og kvardagen smeltar saman. Her blir du ein del av eit tett samfunn, der du får lære av erfarne fagfolk i eit personleg og uformelt miljø.

I ei fjellbygd som Vang handlar det ikkje berre om å meistre eit fag – det handlar òg om å bli ein del av eit fellesskap. Her kjenner folk kvarandre godt, og du har alltid eit nettverk rundt deg, både på jobb og i kvardagen.

Ein annan stor fordel er nærleiken til naturen. Fjella, skogen og vatnet er ein del av livet her og gir både ro, inspirasjon og unike opplevingar. Samstundes får du praktisk erfaring knytt til lokale ressursar og tradisjonar – noko som gir både faget ditt og bygda ei ekstra betydning.

SCO_24.02.2334651.jpg

Livet som lærling

Lærlingplassar

Sjekk ut ledige stillingar – både lærlingplassar, fulltids- og deltidsstillingar.

Kurs og kompetanse

Vi held kurs og arrangerer event gjennom heile året. Møt næringslivet og førebu deg på arbeidslivet.

Futurizing Vang

Les meir om kva Vang har å tilby deg – både til kvardag og jobb!

Kommende arrangement og kurs

Bli kjent med næringslivet, møt andre lærlinger eller lær noe nytt.

Bli med oss på arrangement og kurs. 

OM OSS

Futurizing Vang

Vi vil gjere Vang til verdas beste stad å vere lærling!

Futurizing Vang  er til for å ta vare på deg gjennom heile læreløpet saman med våre fantastiske lærebedrifter. Som lærling skal du oppleve kvalitet i alle ledd, og du skal kjenne at du blir tatt vare på – både på jobb og i fritida. For oss er kvar einskild lærling heilt unik.

Vi skal gjere alt for at læretida di blir noko du kan sjå tilbake på med glede og hugse som ei fantastisk tid resten av livet ditt.

Siste artikler

Få med deg siste nytt

Hold deg oppdatert med vårt nyhetsbrev. Her får du informasjon om stillingar, kurs og arrangement.

Takk, du hører fra oss!

bottom of page