top of page

Lærling Barne- og ungdomsarbeidar 2.gongs lysing

Barnehage og skule

Stillingstype:

Lærling Barne- og ungdomsarbeidar

Søknadsfrist:

1. mai 2025

Om stillinga

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du etter endt utdanning og læretid kunne få arbeid i til dømes; barnehager, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar mm.

Som lærling hjå oss inngår du lærekontrakt og vil få arbeidserfaring frå fleire arbeidsstadar i kommunen. Lærlingar har rettigheiter og plikter som andre arbeidstakarar. Du har rett til å få den opplæringa som læreplanen fastset, og plikt til å delta aktivt for å nå måla, og å delta i planlegging og vurdering av ditt eige arbeid.

Kvalifikasjonar

Du er velkommen til å søkje læreplass i Vang kommune om du tilfredsstiller desse krava:

  • Har fullført VG1 og VG2 innan relevant lærefag, eller bestått innan oppmelding til fagprøve

  • Er motivert

  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

  • Karakterar og fråvær vil inngå i vurderinga, men er ikkje aleine avgjerande for om du får læreplass

Ved tilsetting må politiattest leggast fram.

Om Vang kommune

Vang kommune har to ledige lærlingplassar for barne- og ungdomsarbeidar frå hausten 2025.
Som lærling hjå oss inngår du lærekontrakt for læretida di, og får arbeidserfaring ved barnehage og skule. I år er læreløpet planlagt slik: Første læreåret blir ved Høre barnehage, og andre læreåret ved Vang barne - og ungdomsskule. Begge lærlingane vil følge same læreløp og arbeidsplass samtidig.

Søk på denne stillingen

Søk no
bottom of page