top of page

Bu og jobb i ei bygd kor det er flott å være

Vang i Valdres er ei fjellbygd ved foten av Jotunheimen. Vang er sentralt på ein litt usentral måte. Det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen. 

I Vang finn du både kafé, daglegvarebutikkar, bibliotek, og på Tyin er det sportsbutikk. Her er det meste som du treng i kvardagen. Elles kan ein reise til Fagernes, som er regionssenteret i Valdres, lett tilgjengeleg både med buss og bil. Her finn du større kjøpesenter og eit yrande "by"-liv.  Altså er du midt i smørauget sør i Noreg, samstundes som det ikkje er nokon tvil om at du er i ei fjellbygd.

 

Ã… ri i skogen

FRITID I VANG

Kva gjer ein i fritida?

Folk på bygda brukar ofte naturen og det næraste samfunnet som ein viktig del av fritida. Fritida på bygda er gjerne prega av ro, natur og fellesskap, men for mange gir det ei djupare oppleving av livskvalitet og nærleik til det som betyr noko.​

Her er nokre døme på kva ein kan gjere:

Friluftliv

Naturen er nært tilgjengeleg, og for mange går mykje av fritida til turar i fjellet, skogen, sykling eller kanskje ein tur langs ein nærliggande elv. Om vinteren kan ein gå på ski, både langrenn og alpint, eller prøve seg på aking og snøbrett. Om sommaren er det gjerne mulig å vere ute i naturen heile døgnet, med fiske, bading eller fotturar.

​

Sjå gjerne Vang turlag si heimeside: Vang Turlag

Kongeveg utsikt.jpg
jason-leung--eKZLpj7U0E-unsplash_edited.
Sosialt

I ei liten bygd kjenner folk kvarandre godt, og det er vanleg å møtast til sosiale samankomstar. Det kan vere alt frå kafébesøk og å samlast på den lokale puben, til felles arrangement som lokale festivalar, marknadar eller konsertar. Bygdefest og samhald er viktig del av livet på landet.

Frivillig arbeid og dugnad

I mange bygder er det mykje frivillig arbeid, og folk deltek gjerne i dugnader for å halde bygda fin eller arrangere lokale aktivitetar. Dette kan vere alt frå å hjelpe til med vedlikehald av bygdefasilitetar til å organisere små festivalar eller sportsarrangement.

 

Sjå gjerne Vang frivilligsentral sine heimesider: Vang frivilligsentral

VangFrivilligsentral_Hovedlogo.png
BUA Vang logo fleirfarger.jpg
BUA i Vang

Treng du utstyr til å teste ut ein ny aktivitet kanskje? I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!

​

Sjekk det ut her: Vang frivilligsentral - BUA Vang

Kultur

I ei bygd er det ofte ei sterk kultur for å ta vare på lokale tradisjonar, enten det er gjennom musikk, dans eller fest. Mange bygder har lokale korps, musikkgrupper, eller folkedanslag, og det kan vere vanleg å delta på felles dugnader for å halde tradisjonane levande. I Vang har vi Vinjerock som har vore ein stødig og flott fjellfestival sidan 2006.

 

Les meir om Vinjerock her: Hovedside - Vinjerock

53869055274_a072ba42a1_o copy.jpg

Fritida på bygda er gjerne prega av ro, natur og fellesskap, men for mange gir det ei djupare oppleving av livskvalitet og nærleik til det som betyr noko.

OM OSS

Futurizing Vang

Vi vil gjere Vang til verdas beste stad å vere lærling!

Futurizing Vang  er til for å ta vare på deg gjennom heile læreløpet saman med våre fantastiske lærebedrifter. Som lærling skal du oppleve kvalitet i alle ledd, og du skal kjenne at du blir tatt vare på – både på jobb og i fritida. For oss er kvar einskild lærling heilt unik.

​​

Vi skal gjere alt for at læretida di blir noko du kan sjå tilbake på med glede og hugse som ei fantastisk tid resten av livet ditt.

Kvifor Vang?

Øk eiga kompetanse

Vang gir deg moglegheita til å utvikle deg fagleg gjennom spennande arbeid og nær oppfølging frå erfarne fagfolk.

Kunnskapsrike medarbeidarar

Arbeid med dyktige og erfarne kollegaer som deler sin kompetanse og gir verdifull læring.

Ein natur utan like

Med Jotunheimen som bakteppe byr Vang på ei natur som både inspirerer og gir ro i kvardagen.

bottom of page